Sjølv seier ho at slike dagar er nokså normale, men lange reisedagar gjer at ho innimellom kan ta ein fridag saman med barna. Ho følgde fagdagen på Åse og heldt sjølv to timar videoforedrag før og etter bagetten ho fekk til lunsj. Litt før klokka 16 var det inn til byen for å ha eit intervju med ein lokal medlem av Parkinsonforbundet om korleis det er å vere pårørande til ein som har parkinson. Presis klokka 17 rakk ho fram til medlemsmøtet i Sunnmøre Parkinsonforening, denne gongen på SAS Radisson Blu, og før ho måtte køyrast til flyet på Vigra klokka 18.15 hadde ho fått sagt ein god del om temaet Ernæring, mat og glede.
Les meir i "Hør på meg" nr. 3-2018.