Og mens André drar til Marmora på ferie med farao, drar noen til Loen og stormorer seg uten mormorer på Alexandra; farmora tok feil og dro til Alexandria.
Som du ser er det ikkje alle gitt å leike like lett med ord som André Bjerke, men vi feirar at det er hundre år sia denne populære diktaren vart fødd, som ekstrapost på programmet for helgesamlinga 27.-29. april.
Det er to år sia Møre og Romsdal Parkinsonforening hadde helgesamling sist, i Kristiansund. Denne gongen har vi slått oss saman med Sogn og Fjordane Parkinsonforening om arrangementet. Sogn og Fjordane stiller med toastmaster under festmiddagen på laurdagen, mens Sunnmøre Parkinsonforening er teknisk arrangør for det heile.
Gleda ved livet
er tema for samlinga, og frå ulike vinklar skal hovudinnleiarane peike på samanhengar som kan få oss til å oppleve glede og håp i ein situasjon som kan verke håplaus.
Jan Kærup Bjørneboe har skrive ei bok som heiter Shaken, not Stirred. Parkinson og gleden ved livet. Boka inneheld faglege artiklar og intervju. Dette seier forlaget:
Bokens hovedbudskap er «Fight Back» mot Dr. Parkinson. Han kan ikke «knockes», men vi vil vinne på poeng. Boken er full av tips og inspirasjon for å få et godt liv. Kunnskap gir mestring, god psyke og helse. Forfatteren Jan Kærup Bjørneboe har selv Parkinson og vet mye om hva dette gjør med psyke og kropp. Boken er en av hans mange måter å «Fighte» på og som muligens gjør at du vil: Se på livet på nytt! ...enten du har Parkinson... eller ikke...
Randi Skaget Hjellset har vore sjukepleiar med spesialkompetanse - parkinsonsjukepleiar - til ho gjekk av i fjor. Hildegunn Eikrem er fysioterapeut med spesialkompetanse - ho er kursa i både LSVT BIG og PWR. Den eine veit kvifor riktig medisinering kan gjere forskjellen på ein god og ein dårleg dag. Den andre veit kvifor trening er investering i eit betre liv.
Og André Bjerke er ein av favorittdiktarane til Ingrid Hagedal - andre er Haldis Moren Vesaas, Hans Børli og Arnulf Øverland. Svein Jarle Molnes driv og set om franske viser til norsk. Dei to inviterer andre til å delta med sitt i møtesalen etter middagen fredag kveld - song, vitsar, opplesing. Og så er hotellet kjent for maten, atmosfæren, badeanlegget - og denne helga er det gammaldansfestival i etasjen under oss; det freistar vel også nokre. Og på søndag formiddag busstur ut i naturen. Livet har gleder, og best er dei gledene vi kan vere saman om.