Dette skriv Svein Jarle Molnes på redaksjonens side:
Kjære lesar. I haust var det val. Eg trudde valet stod mellom dei blå-blå, også kalla konservative, partia og dei raud-grøne, også kalla radikale. Men det mønsteret gjeld ikkje lenger. Det er Erna og Siv som omveltar og forandrar, mens Jonas held att og prøver å ta vare på det som var. I valkampen gjorde høgresida eit nummer av at Ap var ein reformbrems, eit parti som ville reversere reformene som dei blå hadde gjennomført på rekordtid, underforstått eit parti for tilbakegang og stagnasjon. Eg var på nippet til å tipse Støre om å våge å gi Erna rett og sanke stemmer på å vere reformbrems. Reformer trengst, men blir reformene for mange og for raske, kan folk bli reformtrøytte. I ein slik situasjon kan opposisjonen tillate seg å vere konservativ—ordet kjem av conservare: å ta vare på.
Det som vi i «Hør på meg» no er opptekne av å ta vare på (på sidene 4-6), er eit terapeutisk miljø bygt på erfaring som det tek lang tid å byggje opp, Aure rehabiliteringssenter. Det er latterleg og skremmande når det blir foreslått å rive opp eit slikt miljø med rot for å skaffe pengar til vedlikehald på bygningane. Det økonomane manglar no, er tal og formlar for å kunne rekne inn andre verdiar enn kroner og øre i kalkylane sine.
Takk til Steinar, som har gripe tak i denne saka i ei tid då han av helsegrunnar prøver å delegere ansvaret som fylkesleiar. Så får vi håpe helsestyresmaktene styrer unna både dårleg råd og dårlege råd frå konsulentar.
Svein Jarle