Det er velkjent at Parkinsons sjukdom er meir vanleg hjå menn enn kvinner og at kvinner i snitt er litt eldre når dei får diagnosen enn menn, men mykje er framleis ukjent når det gjeld kjønnsforskjellar og Parkinsons sjukdom.
No har Julia Šaltytė Benth, som er forskelinjekandidat ved medisinstudiet i Bergen, byrja å studere dette nærare i ParkVest-materialet.
Ho finn, som andre før henne, at det er ein del skilnader mellom menn og kvinner med Parkinsons sjukdom. Kvinnene gjer det gjennomsnittleg noko betre på dei aller fleste kognitive testane utanom dei som går på visiospatielle (rom- og retning) evner, der mennene er betre. Det nye i denne studien er at dette og gjeld kontrollane.
I ParkVest har dei ei veldig god kontrollgruppe som har teke alle dei same testane som pasientane, og ser stort sett det same mønsteret der: kvinnene gjer det stort sett noko betre enn mennene og denne forskjellen held seg over tid.