Men lista over parkinsonsymptom omfattar også det vi har frå snippen og opp: stemmeband, tunge, lepper, ansiktsmusklar. Dette er logopeden sitt domene.
Bruker du apparat for å få sterkare kropp? No kan også logopeden tilby treningsapparat på sitt område. Dei munnmotoriske hjelpemidla har det til felles med vektene til kroppsbyggjaren at dei gir snarare resultat enn utan. Ansiktet ditt er fullt av musklar—som treng trim.
Folk med parkinson har fått treningsmetodar som byggjer på kunnskap om dei vanlegaste parkinsonsymptoma og korleis desse kan motverkast (BIG, PWR). Denne tilnærmingsmåten har ført til at også logopeden no har eit meir "skreddarsydd" tilbod til parkinsonistar. Tanken på mennesket som ein heilskap, og at oralmuskulaturen heng saman med heile kroppen, ligg til grunn for dei produkta som firmaet Letsip AS og logoped Bjarte Høydal har utvikla.
Tabu: Sikling
Det dei fleste ventar seg frå ein logoped, er vel øvingar som skal gi tydelegare tale. Men i tillegg til dette kan logopeden og dei nye hjelpemidla hjelpe med å styrkje kinn og lepper, gi deg betre evne til å halde munnen lukka, gi betre drikke-, ete- og sugefunksjon, betre mimikk, mindre problem med svelging og mindre sikling. Dette siste er noko det sjeldan blir snakka om, men ei stor plage for mange.
Les meir om Letsip: http://www.letsip.no/info/laer...