Det var berre ros å høyre om det arbeidet styret hadde gjort, så det kunne lett ha blitt attvald som det var, men Else ønskte å trekkje seg etter tre år som leiar, og nestleiar Kari Steinsvik rykte opp på leiarplass. Ho fekk oppfylt ønsket om å ha Else med i styret framleis, så ho kunne støtte seg på den oversikt og erfaring Else har. Sia avtroppande leiar straks var på veg til Spania, fekk ho "flytande blomster" i sluttpresang.
På bildet - frå venstre: Kari Steinsvik, ny leiar. Else Leite, avtroppande leiar; ho held fram som styremedlem. Borgar Mattland, som held fram som kasserar. Borgar fekk ros for å ha lagt fram rekneskap og budsjett på ein måte som var til å få forstand av.
.