Parkinson sjukdom hjå kvinner og menn

Helse Bergen satser stort på kvinnehelse. Nå har de sett nærmere på kjønnsforskjeller i kognitive symptomer i forbindelse med Parkinsons sykdom.

Det er velkjent at Parkinsons sjukdom er meir vanleg hjå menn enn kvinner og at kvinner i snitt er litt eldre når dei får diagnosen enn menn, men mykje er framleis ukjent når det gjeld kjønnsforskjellar og Parkinsons sjukdom.

No har Julia Šaltytė Benth, som er forskelinjekandidat ved medisinstudiet i Bergen, byrja å studere dette nærare i ParkVest-materialet.

Ho finn, som andre før henne, at det er ein del skilnader mellom menn og kvinner med Parkinsons sjukdom. Kvinnene gjer det gjennomsnittleg noko betre på dei aller fleste kognitive testane utanom dei som går på visiospatielle (rom- og retning) evner, der mennene er betre. Det nye i denne studien er at dette og gjeld kontrollane.

I ParkVest har dei ei veldig god kontrollgruppe som har teke alle dei same testane som pasientane, og ser stort sett det same mønsteret der: kvinnene gjer det stort sett noko betre enn mennene og denne forskjellen held seg over tid.

Så sjølv om det er skilnad mellom menn og kvinner med Parkinsons sjukdom, så er ikkje desse forskjellane så forskjellige frå det ein ser hjå kontrollane. Unntaket er eit par testar som går på eksekutive funksjonar, kognitivt tempo og fleksibilitet. Her verker det som om prestasjonane til menn og kvinner i pasientgruppa skil seg ifrå dei me ser hos kontrollane.

Mellom anna, har me funne ut at i eksekutive funksjonar gjer kvinnene i kontrollgruppa det dårlegare enn mennene, medan kvinnene i pasientgruppa gjer det betre enn mennene. Desse skilnadene ser me også etter korreksjon for andre faktorar som har verknad på kognitive evner. Dermed kan me spekulere i om det har årsak i Parkinsons sjukdom.

Samstundes er det verdt å nemne at det var få tilfelle av demens i ParkVest-materialet, men at førekomsten var hyppigare i pasientgruppa. Det same gjaldt førekomsten av mild kognitiv svikt, ein tilstand som kjem før demens. Her forsvann til gjengjeld skilnaden mellom pasientar og kontrollar etter at me korrigerte for livsfunksjonen til deltakarane.

Konklusjon

Ja, det er skilnader mellom menn og kvinner med Parkinsons sjukdom, men desse er med eit par unntak ikkje så veldig ulike dei forskjellane me finn hjå friske kontrollar. Dei skilnadene me derimot finn, kan ha årsak i Parkinsons sjukdom.

Kontaktpersoner:

geir.olve.skeie@helse-bergen.no

eller

Julia.Benth@student.uib.no

Helse Bergen: Stor satsing på kvinnehelse

ParkVest – Parkinsonstudien på Vestlandet og i Aust-Agder

Lignende aktueltsaker